Musikk og lyddesign
Gyrid Nordal Kaldestad er komponist og utøvar frå Stord i Sunnhordland. Ho har bakgrunn frå improvisasjon og elektroakustisk musikk og arbeider med vokal/song, liveelektronikk, feltopptak og tekstskriving for bruk i komposisjonar og installasjonar. Ho har arbeida som komponist og musikar i teater- og danseførestillingar der liveelektronikk og elektroakustiske lydbilete har vore sentral i uttrykket. Ho er i dag kunststipendiat ved NTNU, Institutt for musikk, avdeling for musikkteknologi.
I tillegg til Kaldestads musikk, blir F.I.A.S.O.M. Pt. 2 av M.I.A. og Who Knows Who av Orgone brukt i forestillingen. Takk til Are Lothe Kolbeinsen (gitar), Carl Haakon Waadeland (slåttetromme), Klaus Ellerhausen Holm (klarinett og saxofon), Anna Thu Schmidt og Espen Gangvik/TEKS for lån av innandørs steinstrand til opptak.